Ål kyrkjelege fellesråd > Barn og Ungdom


Barn og unge


Å lære trua i eit fellesskap- å leve trua i eit fellesskap

Kyrkja der du bur ynskjer å bidra til at barn og unge skal få lære å kjenne trua, saman med deg som føresett. Dette kallast kyrkjeleg undervisning og læring. Alle er velkomne til kyrkjeleg undervisning og læring i kyrkja.

Heilt sidan den kristne kyrkja vart grunnlagt har det blitt undervist i kva den kristne trua handlar om.

Gjennom opplevingar, aktivitetar og erfaringar inviterer kyrkja til ulike arrangement. Babysong, utdeling av 4-årsbok, overnatting i kyrkja ( «Lys vaken») og konfirmasjon er døme på tiltak der ulike utrykk for trua blir lært og levd i eit fellesskap. Mange kyrkjelydar har faste aktivitetar for ulike aldrar og interessegrupper. Til saman er dette med å gjev kyrkjeleg undervisning og læring både djupne og breidde.

Velg kalender