Velkommen til babysong i kyrkjestugu på Ål annakvar onsdag
Babysong omlag annakvar onsdag for små og store frå 11-13 i Kyrkjestugu.
Vi startar treffet med å synge, deretter et vi litt lunsj ilag.
Lunsj 50 kr til vipps. Nokre gonger er det brødskiver og pålegg, andre gonger kan det vere f.eks suppe. Kaffe og te høyrer med.
Døra blir opna seinast 1045, så det er berre å koma tidlegare dersom det høver!
Datoar::
28.10
11.11
25.11
09.12
Babysong er for alle som er heime med ein baby/lite barn. Her kan du møte andre i same situasjon. Babysong er ein fin møtestad for småbarnsforeldre. Det er låg terskel, her er plass for deg og ditt barn! Søv barnet når de kjem, så la barnet sove, ta ammepause når det høver etc. Syng med stemma du har, for ditt barn - her er ikkje noko prestasjonskrav!
Hjarteleg velkomen!