Me treng organistvikar i 2027


Me treng organistvikar i 2027


Ål kyrkjelege fellesråd treng ein organistvikar som kan spele i gudstenester, gravferder, vigsler og anna i perioden 10. mars til 30. september 2027. 

 

Ål kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse både til Oslo og Bergen. Her er gode høve til friluftsliv og det er eit aktivt kulturliv i bygda og i kyrkja. Ål har 5000 innbyggarar fordelt på tre sokn; Leveld, Torpo og Ål. Ved Ål kyrkjekontor er det totalt 8,5 årsverk inkl. prestar fordelt på 12 stillingar.

 

Kyrkjekontoret og Ål kyrkje er plassert sentralt på Ål. I tillegg til organist består staben av kyrkjeverje, kyrkjelydspedagog, diakon, kyrkjetenarar, sekretærar, kyrkjemusikarar, reinhaldar, sokneprest og kapellan. Ål er prostesete i Hallingdal.

 

Vår gode organist skal ha permisjon og Ål kyrkjelege fellesråd søkjer etter ein vikar som kan spele i våre gudstenester, gravferder, vigsler, og ymse arrangement i perioden 10. mars til 30. september 2027. Me tilbyr gjerne full stilling, men er opne for fleksible løysingar viss søkjar ynskjer noko redusert stilling.

 

Eit særeige prosjekt i Ål kyrkje er vårt folkemusikkgudsteneste-prosjekt med eigen utvikla liturgi. Er du musikar og glad i folkemusikk så er dette eit gyllent høve til å spele kyrkjemusikk i folkemusikkdrakt både åleine og i samspel med dyktige musikarar.  

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, øving og speling på gudstenester, gravferder, vigsler. Helgearbeid og høgtidsdagar er ein naturleg del av stillinga.
  • Leie og spele til kantoriøvingar/salmekveldar
  • Ta del i kyrkjelege arrangement inkl. andakter på sjukeheim, korsang m.m.
  • Vere kontaktperson for musikalsk samarbeid og konsertar i kyrkja, inkludert Folkemusikkveka i mai
  • Organisten tek del i stabsmøter og planleggingsmøter med øvrig stab på kyrkjekontoret

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant musikalsk utdanning og/eller erfaring, gjerne frå kyrkjemusikalsk arbeid
  • Medlemskap i Den norske Kyrkja er ynskjeleg, men ikkje eit krav ved mellombels tilsetting
  • Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetting

 

Me ser etter fylgjande eigenskapar

  • Gode musikalske evner
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Me ynskjer at du er strukturert og tilpasningsdyktig
  • Personleg eignaheit vil spele inn i tilsettinga

 

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsfellesskap
  • Fleksibel arbeidskvardag, men med noko kontortid og planlegging
  • Lønn etter utdanning og ansiennitet i tråd med Hovedtariffavtala i Den norske kyrkja

 

Målform i Ål kommune er nynorsk.

 

Meir om stillinga hjå kyrkjeverje Kristoffer Krohn Sævre 48441575 eller ks259@kyrkja.no

Søknad sendes via e-post til ks259@kyrkja.no eller via link i annonse på kirkejobb.no.

Søknadsfrist 15. november 2026
Oppstart 10. mars 2027

Tilbake