Ål kyrkjelege fellesråd treng ein vikar til trusopplæring i kyrkjene i Ål hausten 2026.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
- Babysong annankvar veke
- Mi kyrkjebok til 4- og 6-åringar i september
- Bidra i konfirmantarbeidet
- Lys vaken ein helg i løpet av hausten
- Barnehagevandringar i kyrkja i desember
- Skulegudstenester i kyrkja i desember
- Planlegge, organisere og gjennomføre aktivitetsdagen mini-BUK i byrjinga av haustferien
- Barnegospel kan vere aktuelt
- Bibelgruppe/aktivitetsgruppe for ungdommar kan vere aktuelt
- Etter skuletid kan vere aktuelt
- Noko kontortid til administrering, stabsmøter, planlegging og koordinering av frivillige
Me ser etter ein person som kan halde i trusopplæringsaktivitetar dei neste månadene. Er du glad i born og trivst i kyrkja? Ynskjer du å formidle Jesus til born og unge? Då er dette høvet til eit midlertidig engasjement med mål om at borna i Ål skal ha kjekke dagar med leik, moro og meiningsfullt innhald i kyrkjeleg regi.
Viss du har motivasjon for nokre av oppgåvene, men ikkje alle, så ta kontakt likevel – me legg gjerne til rette for ein arbeidsinstruks som høver deg.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Me ser etter deg som evnar å koordinere og engasjere både frivillige og born
- Pedagogutdanning og/eller erfaring med born og leirarbeid er ynskjeleg
- Førarkort er ikkje eit krav, men vil vere eit pluss
- Politiattest må presenterast ved oppstart jf. Politiregisterforskrifta § 34-12, jf. politiregisterlova § 39 første ledd.
Tilsetting og løn i henhold til gjeldande lov- og avtaleverk.
Jobbtype: Mellombels / vikar i perioden september-desember i inntil 60% stilling. Mogelegheit for forlenga avtale.
Arbeidstid: Fleksibel.
Søknadsfrist: 4. september. Søknader behandlast fortløpande.
Oppstart: Fleksibelt, gjerne snarast mogeleg
Send din søknad til kyrkjeverje Kristoffer Krohn Sævre ks259@kyrkja.no