Velkomne til folkemusikkgudsteneste i Ål kyrkje sundag 23. august kl 11. Biskop em. Laila Riksaasen Dahl vigslar Børge Bekkestad til diakon i gudstenesta.
Sundag 23. august skal Børge Bekkestad viglast til diakon i Ål kyrkje. Biskop emerita Laila Riksaasen Dahl skal medverke i vigslinga, og det er venta mykje folk i kyrkja denne sundagen. Børge opplever tidspunktet veldig rett.
– Eg er utdanna diakon, og no var tidspunktet rett for å bruke utdanninga og arbeidserfaringa til eit arbeid i kyrkja, seier Børge. Han har jobba med vegleiing, undervisning og familiearbeid i ei årrekke og mange vil kjenne han frå tida på familievernkontoret og i barnevernet, samt i det tverrkyrkjelege barne- og ungdomsarbeidet og i politikken.
Sterk tilknyting
Børge har vakse opp i kyrkja i Ål og har vorte forma gjennom foreldres sterke tilknyting til kyrkja. Han håper at hans kjente tilknyting til bygda kan gje låg terskel for å ta kontakt.
– For meg er trua ein naturleg del av det å vere menneske og eg ser fram til å jobbe i ein setting der tru og bøn kan vere ein naturleg del av ein samtale.
Biskop em. Laila Riksaasen Dahl står for vigslinga i samspel med prost Camilla Osnes, prestane og frivillige i Ål.
TØYR
Folkemusikk-kvartetten TØYR skal spele saman med organist Vemund Olav Aukrust. Alle er velkomne til utvida kyrkjekaffi i Kyrkjestugu etter gudstenesta.
TØYR: Iselin Anna Aukrust (fele/vokal), Ivar Blekastad Haugen (trekkspel), Semon Harerusten (cittern/mandolin/gitar) og Solveig Eide Grønningsæter (fele)