Fast gjevarteneste


Fast gjevarteneste


Vil du støtte kyrkja sitt arbeid? 

Me har mange faste givarar, og treng fleire. Fast gjevarteneste inneber at du set opp eit fast trekk frå din konto til kyrkja. Med bidraget ditt, gjer du det mogleg for oss å halda fram med eit høgt aktivitetsnivå og eit variert tilbod. Givartenesta er viktig, mykje av arbeidet i kyrkjene i Leveld, Torpo og Ål byggjer på frivillig innsats og innsamla midlar. 

Nytt deg gjerne av moglegheita til å få frådrag i skattepliktig inntekt for pengegåver gitt til trus- og livssynssamfunn.

Korleis gi?

Bli fast gjevar
Ved å bli fast gjevar bidreg du til forutsigbarheit for arbeidet til kyrkja. Du vel sjølv kva beløp du vil gi og kor ofte du vil gi, med avtalegiro.
Klikk her for å registrera deg. Du kan velja autogiro eller vipps som betaling. Med autogiro kan du velja trekkdato sjølv, og med vipps startar avtalen når du signerer, så me tilrår å velja autogiro som er meir fleksibelt.

 

Klikk her for å gi ein eingongs-gåve med Vipps

 

Skattefrådrag
Gåver til Den norske kyrkja gir rett til frådrag i inntekt før skatt. Dette blir gjort ved at du anten er fast givar, gir gåver via vipps og godkjenner for skattefrådrag eller gir gåve til bankkonto og informerer om personnummer. Gåva må gjennom inntektsåret vera på minst på kr 500 kr og maksbeløpet for skattefrådrag er 25 000,- , noko som betyr skattefrådrag opp til 7 000,-. Du kan sjølvsagt gi gåver som er større enn det, men det er ikkje skattefrådrag for det som overstig 25 000,-.

I januar rapporterer me inn til skatteetaten kor mykje du har gitt, og du får skattefrådraget automatisk rekna ut på likninga. Rapporteringa skjer elektronisk via Kyrkjerådet og opplysningane vil berre bli brukt av skattestyresmaktene for å berekna skatt. Skattefrådraget er på 28%. Meir informasjon finn du på www.skatteetaten.no.

Føresetnad for frådraget er at: 

  • givar har oppgitt namn, adresse og personnummer til mottakar 
  • gåva er eit pengebeløp
  • gåva utgjer minst 500 kroner totalt gjennom året
  • beløpet er rapportert elektronisk til Skattedirektoratet frå mottakar av gåv

 

Ynskjer du å avslutte di gjevarteneste? 

Tilbake