Vikar kyrkjelydspedagog i Ål


Vikar kyrkjelydspedagog i Ål


Kyrkjene i Ål treng ein vikar som kan bidra i BUK og trusopplæring. Mellombels / vikar i perioden mai-september i ca 30% stilling

Arbeidsoppgåver:

· Planlegge, organisere og gjennomføre BUK (Barna si Uke i Kyrkja) saman med frivillige i veke 26

· Trusopplæringsaktivitetar i kyrkjeleg regi dei neste månadene

Me ser etter ein person som kan halde i trusopplæringsaktivitetar dei neste månadene – og særleg BUK i juni. Er du glad i born og trivst i kyrkja? Då er dette høvet til eit korttidsengasjement med mål om at borna i Ål skal ha kjekke dagar med leik, moro og meiningsfullt innhald i kyrkjeleg regi.

BUK er eit årleg tilbod til born i alderen 6-10 år rett etter skuleslutt. I fjor hadde me 40 born som vart delt inn i fem ulike aktivitetar. Forutan faktisk gjennomføring vil jobben innebere å rekruttere og koordinere frivillige vaksne som kan bidra i veke 26. BUK kan gjennomførast på 1 eller 2 dagar avhengig av kor mange frivillige me får på plass.

Me har også behov for vikar til trusopplæringsaktivitetar på seinsommaren og tidleg haust viss det er aktuelt for søkjaren.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

· Me ser etter deg som evnar å koordinere og engasjere både frivillige og born

· Pedagogutdanning og/eller erfaring med born og leirarbeid er ynskjeleg

· Førarkort er ikkje eit krav, men vil vere eit pluss

· Politiattest må presenterast ved oppstart jf. Politiregisterforskrifta § 34-12, jf. politiregisterlova § 39 første ledd.

 

Tilsetting i henhold til gjeldande lov- og avtaleverk. Timebasert løn.

Jobbtype: Mellombels / vikar i perioden mai-september i ca 30% stilling.

Arbeidstid: Fleksibel.

Søknadsfrist: 18. mai 2026. Søknader behandlast fortløpande.

Oppstart: Fleksibelt, men snarast mogeleg etter søknadsfrist slik at me kjem i gong med planlegging og rekruttering av frivillige. Send din søknad til kyrkjeverje Kristoffer Krohn Sævre ks259@kyrkja.no

Tilbake