Kyrkjene i Ål treng sommarvikarar til utearbeid i perioden juni-august.
Arbeidsoppgåver:
· Drift av grøntområde
· Bistå i vedlikehaldsarbeid og vask ved behov
· Andre oppgåver kan vere aktuelt
Er du 16 år eller eldre og vil ha noko å gjere i sommar? Me treng sommarhjelp frå skuleslutt og fram til skulestart. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak grasklypping, stell og vatning av blomar og bed, samt noko måling og vasking.
Skriv inn i søknaden kva for periodar du har høve til å jobbe.
Nevn gjerne relevant arbeidserfaring om har det.
Kvalifikasjonar og egenskapar:
· Du må vere fylt 16 år ved jobbstart
· Inga særskilt krav til utdanning
· Me søker deg som trivst med utearbeid og kan jobbe sjølvstendig med å halde kyrkjegardane i god stand
· Førerkort er ikkje eit krav, men vil vere eit pluss
Tilsetting i henhold til gjeldande lov- og avtaleverk. Timebasert løn.
Jobbtype: Midlertidig / sesong frå mid juni til mid august
Arbeidstid: 8-15 måndag-fredag
Søknadsfrist: 10. april 2026 Send din søknad til kyrkjeverje Kristoffer Krohn Sævre ks259@kyrkja.no