Ål barnegospel


Ål barnegospel


Torsdag 11.september klokka 17.15 til 17.45 startar koret opp igjen! 

Det blir øving i Ål kyrkje kvar torsdag, men ikkje 2.oktober (haustferie i skulen).

Musikalsk leiar er Karoline Tveito, og organist Vemund Olav Aukrust spelar til. 

Koret er for barn frå 4 år og oppover. 

 

Det er moro å synge i kor! Kanskje barnet ditt vil prøve også? 

Barnet kan prøve seg eit par gonger før han/ho bestemmer seg om han/ho vil bli medlem. 

Det vil bli ein liten medlemskontingent (100 kr per år). Dersom minst 5 barn melder seg inn vil det generere nokre tusen i støtte til koret. Meir info kring dette kjem seinare.

Me håper barna som begynte i vinter vil halde fram, og at det er nye barn som vil vere med. Me har plass til fleire barn i koret! 

Sjekk også ut facebook-gruppa "Barnegospel i Ål kyrkje". 

 

Ta middagen på Super-Torsdag og send barnet på kor etterpå! Eller kom berre på kor!

 

Tilbake