Lurer du på kva konfirmasjon er, og kva ein gjer i konfirmasjonstida? Sjekk ut denne nettsida til kyrkja sentralt:
Hva skjer i konfirmanttiden i Den norske kirke? - Den norske kirke
Alle kan bli konfirmant i kyrkja!
Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen.
Om du ikkje er døypt frå før, er ikkje det noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant.
Kyrkja er eit mangfaldig fellesskap, og vi ynskjer at alle skal få ei god konfirmasjonstid. Om det er behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt!
Denne informasjonsbrosjyra er sendt ut til dei som er døypte i 2011-årgangen. No er det din tur! Konfirmant 2026
Frist for påmelding er 1.september 2025!
Andre viktige datoar:
Møte for føresette 8.september klokka 18 i Ål kyrkje.
10.september 1450 - 1630: Fyrste samling for konfirmantane i Ål kyrkje.
Presentasjonsgudstenester:
Torpo 14.september klokka 11.
Leveld 14.september klokka 14.
Ål 21.september klokka 11.
Nærmare informasjon om opplegget vil dei påmelde konfirmantane få til hausten.
Ny sokneprest heiter Marianne Bergsjø Gammelsæter og kjem i oktober.
Velkomen som konfirmant i Leveld, Torpo og Ål!