Leiarkurs (MiLK: MiniLeiarKurs) er for deg som vart konfirmert våren 2025 og som skal byrje i 10. klasse til hausten. Eit leiarkurs lærer deg meir om det å vere ein leiar for andre, meir om kyrkja og meir om deg sjølv.
Kvifor er det bra å vere med på leiarkurs? Det er sosialt, lærerikt, du får eit kursbevis som er bra å ha på CV'en (når du søker jobb), det er gøy!
Som ungdomsleiar kan du få prøvd ut litt av det du lærer undervegs. Det kan til dømes vere aktuelt å vere ungdomsleiar på konfirmantfestival 10.november (planleggingsdag, skulefri) og/eller vere med på ulike aktivitetar for barn som kyrkja har (f.eks. Tårnagent, LysVaken eller liknande.) Ungdomsleiarar som har fullført leiarkurset kan også delta som leiar på leir for konfirmantane.
Karoline Fluto og Mari Arnegard Berg som tok leiarkurset i fjor skriv dette om sine leiarkurserfaringar:
« Det var eit veldig lærerikt kurs med mange fine opplevingar. Var veldig gøy at det var praktiske situasjonar der vi kunne bruke det vi hadde lært og fekk lov å vere leiarar. Vi synest det beste var Tårnagent der vi fekk lov å lage aktivitetar til barna og sjå dei gjennomføre dei gjennom heile helga. Vi vil anbefale dette kurset til alle som er konfirmantar. Dette er eit kurs som alle kan finne plassen sin og kven du er som leiar».
Når er det samlingar?
- Onsdag 17.september 18.00 - 20.00
- Onsdag 8.oktober 18.00 - 20.00
- Onsdag 22.oktober 18.00 - 20.00
- Onsdag 19.november 18.00 - 20.00
- Onsdag 10.desember 18.00 - 20.00
- Ein eller to samlingar over nyttår.
Kursøktene vil vere i kyrkjestugu på Ål.
Opplegget i MiLK fylgjer desse samlingane:
- Ver deg sjølv
- Stå opp for andre
- Mange slags leiarar
- Ungt ansvar, vaksent nærvær
- Makt, kropp og grenser
- Leiar på leir
- Andaktskurs
- Gudstenesta og leiing
Ansvarleg for leiarkurset er kyrkjelydspedagog Gina Ingeborg Hagen, e-post: GH665@kyrkja.no
Det vil bli ein liten eigenandel på mellom 50 og 200 kroner i kursavgift. Meir info om det kjem seinare.
Påmeldingsfrist: 25.august
Vil du melde deg på? Klikk her!