Kanskje har du ein 6-åring i hus? Ein invitasjon til samling for 6-åringar og gudsteneste med utdeling av "Mi kyrkjebok 6" er sendt i posten. I kyrkja feirer vi at du er heilt førsteklasses og at du starta på skulen denne hausten. Vi som jobbar i kyrkja gler oss til å treffe deg!
Vi inviterer deg til å kome til kyrkja for å få 6-årsboka! Det blir gudsteneste med utdeling av 6-årsbøker i Leveld kyrkje søndag 14.september klokka 14.00. Det kan vere fint å ta med seg skulesekken, og gjerne også ein god kosebamse du likar godt. Ta gjerne med heile familien! I gudstenesta vil det i tillegg til utdeling av 6-årsbok vere presentasjon av konfirmantar.
Vi inviterer også til ei samling ein ettermiddag før gudstenesta, slik at vi kan bli litt kjent. Då vil vi lære ein song, og høyre om ei av forteljingane i 6-årsboka. Kanskje blir det litt saft og "biteti" også. Samlinga blir i Ål kyrkje tysdag 9.september klokka 17.30 til ca. 18.30.
Det er valfritt å delta på samling på førehand, det er heilt ok å berre koma på gudsteneste!
Invitasjonen har gått ut til alle som er fødde i 2019 som er døypte. Kanskje kjenner de nokon som ikkje har fått invitasjon, men som også kunne tenke seg å få 6-årsboka? Inviter dei med til kyrkja, så får dei også bok, og kan bli betre kjent med kyrkja og trua.
Det er kjekt for oss å vite kor mange som kjem, meld derfor på 6-åringen din ved å fylle ut dette påmeldingsskjemaet. Helst innan 9.september. Klikk her for å melde på!
Hadde du gløymt å melde på barnet ditt? Kom likevel, anten det gjeld samling eller gudsteneste!
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med kyrkjelydspedagog Gina på gh665@kyrkja.no eller ring kyrkjekontoret på telefon 90713766.
Hjarteleg velkomen til kvar og ein!