Konfirmantåret 2026 har starta!


Konfirmantåret 2026 har starta!


Første samling for konfirmantane er unnagjort. No ventar presentasjon av dei under gudsteneste i september. Det er ikkje forseint å melde seg på om ein ynskjer å konfirmerast i kyrkja våren 2026. Påmelding finn du her .

Alle kan bli konfirmant i kyrkja! 

Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen. 

Om du ikkje er døypt frå før, er ikkje det noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant. 

Kyrkja er eit mangfaldig fellesskap, og vi ynskjer at alle skal få ei god konfirmasjonstid. Om det er behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt! 

Denne informasjonsbrosjyra er sendt ut til dei som er døypte i 2011-årgangen. No er det din tur! Konfirmant 2026

 

Presentasjonsgudstenester:

Torpo 14.september klokka 11.

Leveld 14.september klokka 14.

Ål 21.september klokka 11. 

 

Nærmare informasjon om opplegget vil dei påmelde konfirmantane få til hausten. 

Ny sokneprest heiter Marianne Bergsjø Gammelsæter og kjem i oktober. 

Velkomen som konfirmant i Leveld, Torpo og Ål! 

 

 

 

Tilbake