Velkomen til babysong hausten 2025!


Velkomen til babysong hausten 2025!


Velkommen til babysong i kyrkjestugu på Ål annakvar måndag! 

 

 

 

Babysong omlag annakvar måndag for små og store frå 11-13 i Kyrkjestugu. 

Vi startar treffet med å synge, deretter et vi litt lunsj ilag.

Lunsj 40 kr til vipps 829622 (merk babysang). Nokre gonger er det brødskiver og pålegg, andre gonger kan det vere f.eks suppe. Kaffe og te høyrer med.                                                                       

Døra blir opna seinast 1045, så det er berre å koma tidlegare dersom det høver! 

Datoar i haust blir: 25.august, 8.september, 22.september, 6.oktober, 20.oktober, 3.november, 17.november og 1.desember. 

Babysong er for alle som er heime med ein baby/lite barn. Her kan du møte andre i same situasjon. Babysong er ein fin møtestad for småbarnsforeldre. Det er låg terskel, her er plass for deg og ditt barn! Søv barnet når de kjem, så la barnet sove, ta ammepause når det høver etc. Syng med stemma du har, for ditt barn - her er ikkje noko prestasjonskrav! 

Fylg med her og på facebook-gruppa "Babysong i Ål"!                    

Hjarteleg velkomen! 

                                                           

Tilbake