BUK-DAG 22. JUNI


Barn frå 1.-4.klasse er velkommen til ein gratis aktivitetsdag.

Her kan barna velje mellom sykling, freesbeegolf og "buldring", kunst,fisking/sporleik med hund eller lære historie gjennom aktivitet og å leik på bygdamuseet.

 

Velkommen til BUK-dag tysdag 22.juni

 

Info til føresette


Tysdag 22.juni er barn som er ferdig med 1.-4. klasse velkommen til ein fantastisk BUK-dag. Soknerådet i Ål, Torpo og Leveld gir denne dagen i gåve til barna i bygdene våre. Tilbodet er difor gratis for dykk i år. Vi vil vere med på å spreie glede i ei tid som har vore annleis.

Dagen skal vere trygg og vi har sterkt fokus på smittervern. Barna vel kva for gruppe dei vil vere med på. Barna må velje tre alternativ. Alle må melde seg på innan fristen fredag 11. juni på e-post.

E-posten skal innehalde: Namn på barn, namn på føresette, klasse og skule, ønske 1, 2 og 3 for kohort (les kohortalternativ nøye). De får tilbakemelding på kva for kohort barnet blir med i og anna informasjon som er aktuell. Barnet kan ikkje delta viss han/ho har symptom på luftvegsinfeksjon eller viss ein i familien har bekrefta koronasmitte. 

HUGS: - Les informasjon du får på e-post godt, og gi tilbakemelding på at e-posten er lest. Pakk sekk med: Klede etter vær, solkrem, godt med kald og varm drikke, ei god niste, tursjokolade og sitjeunderlag. Barn frå 5. klasse og oppover kan vere med som juniorleiarar. Dei vil då få visse leiaroppgåver, og må møte klokka 8.30.

 

Påmelding berre på e-post kristine.g.andersen@aal.kommune.no

Vennleg helsing Leveld, Torpo og Ål sokneråd v/ leiargruppa:

Hilde Kirkebøen, Ingrid K Hajem og Kristine G Andersen

 

 

Tema: Vi. I lag.

 

 

 

Velkommen til ein herleg feriedag i lag med flotte barn og vaksne i Ål sin vakre natur.  
 

 

9.00: Du møter din kohortleiar i området utanfor kyrkja.

Leiaren har stor plakat med gruppenamn, slik at du finn gruppa lett

9.15. Fellessamling med musikk leia av Øystein Kilde, tema for dagen, dramatisering av bibelforteljing og informasjon. Samlinga blir ute ved Prestegardslåven. Tema i år er: Vi. I lag, og årets temaplakat er designa av Kristin Håheim.

10.00-15.00 KohorttidJ 15:00 Henting der kohorten er

Her er dei ulike kohortane du kan melde deg på. Hugs å velje ønske nr 1, 2 og 3: Hugs å melde på raskt berre på e-post. Vi har avgrensa plassar på dei ulike kohortane.

 

Elskar å skape: Høver for deg som elskar å lage ting, måle og å være kreativ. Her kjem du til å få med deg noko fint og sjølvlaga heim. Leiarar: Kreative Ingvild Kaslegard, Kari Brye og Kristin  Håheim. Denne kunstkohorten blir i Kyrkjestugu og i området rundt.   

 

 

Fiske, friluftsliv og hund: Her skal du få bli med opp til Hesttjern i lag med dyktige vaksne som er glad i natur- og dyreliv. Du skal få fiske, padle kano og bli med på sporleik med hund. Viss du melder ditt barn på dette, må du som føresett køyre barnet til og frå staden eller avtale samkøyring med andre føresette. Barnet må ha med flytevest og gjerne fiskestang. Leiarar: Hilde Kirkebøen, Gjermund Lindland, Birgit Trintrud m.fl.

Sykling er livet: Med Knut Myking og Bjarte Laa som leiarar for denne gjengen, blir det eit ekte sykkeleventyr. Du må ha med sykkel, vindjakke og hjelm. Det blir sykling i sykkelparken og du får prøve deler av Elvelangs. Henting: v Ål kyrkje

 

 

 

 

 

Spikking, hundeleik og friluftsliv på museet: Leiarar Ingrid Hajem, Birgitte Lindhjem og Inga Dekko ønsker velkommen til ein super dag. Leiarane brenn for å gje barna ein variert dag der dei verkeleg kan få skape, leike og kose seg i det vakre museumsmiljøet.  Likar du å arbeide med tre, lære historie gjennom aktivitet og å leike gamle og nye leikar, ja då er dette supert for deg.

 

Freesbeegolf og «buldring»: Johanne Marie og Lars Jordet inviterer til garden sin mellom Ål og Torpo. Der skal du få lære freesbeegolf av instruktør Knut Olav Kolbjørnsen. Freesbeegolf blir berre meir og meir populært og det blir jobba for å få ein permanent bane i Ål. No har du sjansen til å lære deg denne sporten i eit nydeleg gardsmiljø. Området har også flotte store steinar der barna kan prøve seg på buldring. De vil få informasjon om køyring/avtale om samkøyring.

 

Tilbake