Til hovedsammen Til www.kirken.no
  onsdag 08. sep. 2010              Velkomen til Ål Kyrkjelege Fellesråd
Ål kyrkjekontor
Kyrkjekontoret
Kyrkjene i Ål
Tilsette
Prestegjeldet
Nyttige linkar
Kyrkjas lovverk

Born og unge i kyrkja
Faste aktivitetar

Kyrkjelege handlingar
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Inn- og utmelding

Kontakt oss
Kontakt oss

Aktuelt
Kyrkjeblad for Ål prestegjeld
Notebank


Søk i nettstaden:


Søk etter gravsted:

  Aktivitetar i september 2010
 
ma ti on to fr


Innmelding i Den norske kyrkja

* Kven kan melde seg inn i Den norske kyrkja?
* Kor kan ein melde seg inn?
* Korleis melder ein seg inn?
* Kva er konsekvensane av ei innmelding?

Kven kan melde seg inn i Den norske kyrkja?
Medlemskap i eit trus- eller livssynssamfunn er frivillig. Alle over 15 år kan sjølve velge  om dei vil vera medlem  i eit trus- eller livssynssamfunn og eventuelt kva for eit samfunn. For born under 15 år er det foreldra i samarbeid som bestemmer.
Det er Stortinget som har fastsett reglar for medlemskap i Den norkse kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn i Norge og det er også Stortinget som har vedteke korleis ein kan melde seg inn i og ut av Den norske kyrkja.
Medlemsskap i Den norske kyrkja føreset dåp. Det vil si at du antan må vera døypt i ei kristen kyrkje tidlegare eller at du må døypast i Den norske kyrkja.
Ein kan ikkje vera medlem i meir enn eit trus- eller livsynssamfunn i Norge. Dersom du ynskjer å melde deg inn i Den norske kyrkja, kan du difor ikkje vera medlem i  eit anna kyrkjesamfunn samtidig.

Kor kan ein melde seg inn?
Innmelding skal skje i det soknet der ein bur og som hovudregel gjeld bustadsadressa som er registrert i folkeregisteret. Norsk statsborgar som bur i utlandet skal ved innmelding vende seg til kyrkjekontoret der ein sist budde i Norge, evt. til det kyrkjekontoret departementet bestemmer.

Korleis melder ein seg inn?
Innmelding må alltid skje ved personleg frammøte, men det kan vera greitt å fylle ut innmeldingsskjemaet på førehand, slik at du er sikker på at du har
 
naudsynte opplysningar.
Ofte vil ein prest eller ein annan medarbeidar tilby ei samtale når ein ynskjer å melde seg inn i kyrkja. Du vil óg bli beden om å attestere innmeldinga i kyrkjeboka.
For at innmelding kan skje, treng kyrkjekontoret fylgjande opplysningar:
 a) fullt namn
 b) bustadsadresse (j.f. folkeregisteret)
 c) fødselsnummer (11 siffer)
 d) namn og fødselsnummer på evt. born under 15 år dersom innmeldinga  får verknad for desse
 e) stad og dato for dåp (dåpsattest)
Dersom du ikkje er døypt tidlegare, må du døypast i Den norske kyrkja. Presten vil alltid ha ei samtale med deg før dåpshandlinga finn stad.
Dersom du har vore medlem i eit anna trus- eller livsynssamfunn før innmeldinga, kan kyrkja krevje dokumentasjon på utmelding derifrå.

Kva er konsekvensane av ei innmelding?
Medlemskap i Den norske kyrkja gir deg stemmerett ved kyrkjelege val, og du kan sjølv stille til val. Du får rett til kyrkjeleg vigsel og kyrkjeleg gravferd. I Norge er det ingen kyrkjeskatt , innmeldinga får dermed ingen direkte økonomiske konsekvensar for deg.


      Skjema for innmelding i Den norske kyrkja

Fyll ut skjemaet og send det eller ta det med til kyrkjekontoret der du ifylgje folkeregisteret er busett. Sjølve innmeldinga skjer alltid ved personleg frammøte, så dersom du sender skjemaet, vil du bli kontakta av medarbeidar i kyrkja for at innmeldinga kan skje.


Eg ynskjer å melde meg inn i Den norske kyrkja.

Etternamn:.................................................

For- og mellomnamn:...................................................

Fødselsnummer (11 siffer):.....................................

Adresse:......................................Tlf.:..........................

Postnummer:............Poststad:....................................

Dåpsdato:....................Dåpsstad:................................

Eg er ikkje døypt,

og ynskjer dåp i ..................................kyrkje.

Tidlegare medlemskap i...............................................

opphøyrde dato:......................

 

....................... .............................................
Stad og dato                                                                Underskrift


------------


Utmelding av Den norske kyrkja

* Kven kan melde seg ut av Den norske kyrkja?
* Kor kan ein melde seg ut?
* Korleis melder ein seg ut?
* Kva er konsekvensane av ei utmelding?


Kven kan melde seg ut av  Den norske kyrkja?
Der er Stortinget som har bestemt reglar for medlemskap i Den norske kyrkja og i andre trus- og livssynssamfunn i Norge og det er også Stortinget som har vedteke korleis ein kan melde seg ut av Den norske kyrkja.
For å melde seg ut av kyrkja må ein vera medlem. Medlem blir ein antan gjennom dåp i Den norske kyrkja eller ved innmelding. Innmelding føreset at  kristen dåp har funne stad tidlegare.
I Norge er det 15 års aldersgrense  for inn- og utmelding av trus- og livsynssamfunn. Det vil si at ein må vara fylt 15 år for å kunne melde seg ut av kyrkja.
Ein kan ikkje vera medlem i meir enn eitt trus-og livsynsamfunn i Norge. Dersom ein ynskjer å bli medlem i eit anna samfunn enn Den norske kyrkja, må ein difor melde seg ut av kyrkja.

Kor kan ein melde seg ut?
Utmelding skal skje i den kyrkjelyden der ein ifylgje folkeregisteret er busett. Men ein kan óg melde seg ut til det sentrale medlemsregisteret for kyrkja, Kyrkjerådet, som sender meldinga vidare til kyrkjekontoret der vedkomande er folkeregistrert. Er ein busett i utlandet, melder ein seg ut i den kyrkjelyden der ein sist budde i Norge.

Korleis melder ein seg ut?
Utmeldinga kan antan skje skriftleg eller ved personleg frammøte. Ein har plikt til å grunngi utmeldinga. Dersom ein ynskjer det, kan ein få ei samtale med presten eller ein annan medarbeidar i kyrkja.
For at utmelding kan skje, treng kyrkjekontoret fylgjande opplysningar:
a) fullt namn
b) bustadsadresse (j.f. folkeregisteret)
c) fødselsnummer (11 siffer)
d) stad og dato for dåp (dåpsattest)
e) overgang til anna trus- eller livssynssamfunn
f) namn og fødselsnummer på evt. born under 15 år  dersom utmeldinga får verknad for desse
g) born under 15 år som skal  meldast ut må stadfestast av båe foreldra
Etter utmeldinga skal du motta ein skrifleg utmeldingsattest.

Kva er konsekvensane av ei utmelding?
Den som melder seg ut av Den norske kyrkja, mister stemmeretten ved kyrkjelege val og kan ikkje lenger stille til kyrkjelege val. Ein mister óg retten til kyrkjeleg vigsel og gravferd, men presten har høve til å gjera teneste mot vederlag ved vigsel og gravferd også for personar som er utmeldte.



Skjema for utmelding av Den norske kyrkja

Fyll ut skjemaet og send det /ta det med til kyrkjekontoret der du ifylgje folkeregisteret er busett, eller send det til Kyrkjerådet (medlemsregisteret for Den norske kyrkja), Postboks 799, Sentrum, 0106 Oslo. Legg ved kopi av dåpsattest.

Eg melder meg ut av Den norske kyrkja

og ber om å få utmeldingsattest.

Etternamn:.................................................

For- og mellomnamn:...................................................

Fødselsnummer (11 siffer):.....................................

Adresse:......................................Tlf.:..........................

Postnummer:............Poststad:....................................

Dåpsdato:....................Dåpsstad:................................

Overgang til anna trus-/livssynssamf:...........................

Namn og fødselsnummer på born under 15 år som óg skal meldast ut:

...................................................................................

...................................................................................

...................................................................................

...................................................................................

.............................................

Stadfesting av ektefelle

....................... .............................................

                                                             Stad og dato                                     Underskrift




Velg kyrkjelyd:


Ål Kyrkjelege Fellesråd
Postadresse:
Postboks 140
3571 ÅL
Besøksadresse: Sundrevegen
Tlf: 32 08 61 61
Faks: 32 08 61 51
send ein e-post


Søk i Gudstenester


  Powered by: www.i-tools.no