Kyrkjeleg vigsel.
Å gifte seg er ei stor og viktig hending. Der er starten på eit livslangt samliv i gode og vonde dagar. Kjærleiken til kvarandre og viljen til å stå saman er grunnlaget båe må byggje vidare på.
Ynskjer de å gifte dykk i ei av kyrkjene i Ål prestegjeld, vil det vera best å kontakte korkjekontoret i god tid, gjerne fleire månader på førehand, for å avtale stad, dag og tid.
Kva for prest, organist og kyrkjetenar som kjem til å gjera teneste i vigsla dykkar, er ikkje sikkert me kan svare på straks, det kjem an på våre rutinar, ferietid o.l. Men før bryllaupsdagen kjem, vil vigselspresten ha ei samtale med dykk.
Ynskjer de t.d. musikkinnslag, solosang el. tekstlesing av vener eller familie i vigsla, er dette noko de må avtale med presten og organisten.
Evt. pynting i kyrkja må óg avtalast på førehand.
Vigselsdokument (d.v.s. div. skjema) som de og forlovarane må fylle ut får de på folkeregisteret der de bur.
Dersom ingen av brudefolka er medlem i Den norske kyrkja eller de ikkje er/har vore folkeregistrerte i Ål må de rekne med å betale for tenesta.