Vel møtt til dåp i kyrkja!
"Å du som tek dei små i famn, er deira ven og frelsar,
som døyper borni til ditt namn og med din fred dei helsar.
Tal med di hyrdingrøyst, gjev lærdom, tukt og trøyst,
så aldri desse små må vill i verdi gå,
men himmelvegen finna!" Bernt Støylen 1906
Mange kjensler fyller den som står med eit nyfødt barn i armane; glede, undring og takk, men óg uvisse og uro framfor ei ukjent framtid.
Eit spørsmål som melder seg er om barnet skal berast til dåp. Dåpen har lang tradisjon i vår kristne kyrkje og let du barnet ditt døypast, legg du det i Guds hender.
Dåpen er ei heilag handling, eit sakrament, d.v.s. innstifta av Jesus:
- Då steig Jesus fram og tala til dei:
"Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut å gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står".
Matteus, 28, 18-20.
Dåpen finn stad i ei gudsteneste i ei av kyrkjene i prestegjeldet. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dag og stad. Det blir spørsmål om namn på barnet, fødselsnummer og namn på fadrar. Dei som tilhøyrer Ål og Leveld sokn peikar ut ein av fadrane til å vera kontaktfadder. Presten som er sett opp til å ha teneste i den aktuelle gudstenesta vil ha ei samtale med foreldra før dåpsdagen.